Hopp til innhold
Info frå NRK

Ingrid gjekk rett inn i fast jobb i lokalavisa

For eit år sidan hadde Ingrid Byggland jobb som lærar. Så fekk ho sjansen som praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter - og snart kastar ho seg ut i livet som journalist i Vest-Telemark blad.

Ingrid Byggland gjer eit intervju med NRK-mikrofon

PRAKTIKANT: Ingrid Byggland i aksjon som nynorskpraktikant i NRK. No har ho fått fast jobb i Vest-Telemark blad.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det å ha ein fast jobb er viktig for meg, så det kjennest godt. Eg hadde ikkje sett for meg at det skulle skje så raskt, seier, seier Ingrid Byggland.

34-åringen er utdanna allmennlærar, og ho har arbeidd som lærar i grunnskulen heime i Vinje i fleire år. For snart eitt år sidan byrja ho som nynorskpraktikant i NRK.

Måtte ta sjansen då han dukka opp

Etter fire månadar ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde, gjekk vegen vidare til praksis i NRK Vestfold og Telemark. I tida etter praksisen jobba ho som lærarvikar, og då søkte ho på ein jobb som journalist i Vest-Telemark blad.

Ho fekk napp - og takka ja til tilbodet.

Eg har gått mange rundar med meg sjølv når det gjeld bytte av arbeid. Eg har vore i skuleverket i mange år, og det var godt å koma tilbake som vikar etter tida i NRK. Likevel veit eg at det er lettare å få seg arbeid att som lærar enn ei fast stilling i lokalavisa. No har eg journalistikken relativt friskt i minne også, så det er ein sjanse eg må ta.

Ho understrekar:

Det er ikkje kvar dag det er ei ledig stilling i verdas beste lokalavis!

Blant høgdepunkta er ein tur med fagdagar på Marienlyst i Oslo. Her er nynorskpraktikantane på kull 39 saman med Arianrhod Engebø i NRK P3.

KULL 39: Ingrid Byggland (heilt til høgre) gjekk på kull 39 ved NRK Nynorsk mediesenter. Her er kullet på besøk i P3, med tidlegare praktikant Arianrhod Engebø (til venstre) som omvisar.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Føler seg godt rusta som journalist

Byggland har alltid vore interessert i journalistyrket, og arbeidsveka i niandeklasse hadde ho i lokalavisa. Sånn sett er ringen på mange måtar slutta.

Ho er glad ho fekk sjansen til å vere nynorskpraktikant.

Eg har hatt ei journalistspire i meg, og veit at tida på Nynorsk mediesenter er gull verdt med tanke på vidare arbeid innan journalistikken. Eg fekk tett oppfølging og rettleiing, og tilbakemeldingar gjennom månadane gjorde at eg fekk meir sjølvtillit på at eg gjorde noko rett, seier Byggland og legg til:

– Det at vi fekk opplæring og praksis på alle plattformer gjer og at eg føler meg betre rusta som journalist, då det er større fokus på fleire plattformer også i lokalaviser.

– Kva tankar gjer du deg om nyjobben?

Eg er svært spent, for eg har litt ærefrykt for det å vere journalist i ei lokalavis eg veit betyr mykje for mange. Men eg håpar eg kan bidra til godt stoff for lesarane av Vest-Telemark blad. Og så føler eg meg litt tryggare på å starte i ein ny jobb sidan eg har hestekuren frå mediesenteret med meg i ryggsekken.

Tredje praktikant med fast jobb i avis i 2024

Ingrid Byggland gjekk på kull 39 ved NRK Nynorsk mediesenter. Ho var ferdig som nynorskpraktikant i mars 2024, og det gjekk berre tre månadar før ho fekk tilbod om fast jobb i lokalavisa. Ho startar i jobben rett over sommaren.

– Vi er veldig glade for at Ingrid ønskjer å jobbe i Vest-Telemark blad. Det å kunne tilsette ein vesttele med stort nettverk og fersk kunnskap frå Nynorsk mediesenter er luksus - og vil utan tvil styrke lokalavisa, seier redaktør Øystein Øygarden.

– Det er veldig stas at tidlegare praktikantar får jobb også utanfor NRK. Ingenting er betre enn at det dryp flinke og nynorskbrukande journalistar også på avisbransjen, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu i NRK Nynorsk mediesenter.

Ingrid Byggland er den tredje tidlegare praktikanten som får fast jobb i ei lokal- eller riksavis i 2024. Frå før har Kasper Valestrand (kull 36) fått jobb i avisa Nordhordland, og Matilde Sunde Solsvik (kull 29) fekk nyleg jobb som visuell historieforteljar i Vårt Land.