Hopp til innhold

Wien sløkkjer julelysa for å spare straum

Det blir ingen julelys på ringvegen i Wien i år, og julemarknadene i byen blir mørkare enn vanleg. Dyr straum gjer at byen innfører sparetiltak.

– Det blir ingen julelys på ringvegen i år, seier Wiens talsperson, Roberta Kraft.

I tillegg skal lysa på julemarknaden tennast først når det er heilt mørkt, ikkje i skumringa, slik dei pleier.

– Det vil seie at dei blir tende rundt ein time seinare kvar dag, seier Kraft.

Sist fredag opplyste energibyrået i landet at straumprisindeksen har auka med 256 prosent det siste året. Det vil seie at straumen kostar 3,5 gonger så mykje som i august i fjor.

Jule- og nyttårsfeiringa er eit viktig trekkplaster for turistnæringa, som igjen er viktig for økonomien i landet. I 2019, den siste jula før pandemien, besøkte over fire millionar menneske julemarknadene i byen.

I fjor skein julelysa i rundt 30 av Wiens handlegater i sju timar om dagen frå 12. november.

(NPK)

Virus Outbreak
Foto: Vadim Ghirda / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no