Hopp til innhold

Widerøe: Foreslår eigne flyprisar for turistar

Widerøe foreslår å gjere forskjell på prisane for fastbuande og turistar på anbodsruter, melder NTB.

Nyleg blei prisane på statsstøtta flyruter, dei såkalla FOT-rutene, halvert.

Etter dette har Widerøe merka at fleire ferie- og fritidsreisande kjøper billettar til dei mest populære avgangane, seier Widerøes kommunikasjonsrådgivar Lina Lindegaard Carlsen til Brønnløysunds Avis.

Ein prismodell som gir fastbuande rett til rabatt, kan vere ei løysing, ifølge Widerøe.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no