Hopp til innhold

Voss: Bustad totalskadd etter brann

Klokka 23 fekk Vest politidistrikt melding om brann i Hagabardet på Voss i Vestland. Brannen var i ein einebustad.

– Brannen er no sløkt, opplyser politiet like før klokka 00:30.

Det var ikkje nokon som blei skadde i brannen, men huset er ikkje til å bu i. Årsaka til brannen er ukjend.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no