Vil redusere utslepp

Kina vil redusere bruken av fossilt brensel til under 20 prosent innan 2060, ifølgje ein offisiell plan publisert av statlege medium søndag. I dokumentet skriv president Xi Jinping at verdas største kolforureinar skal nå ein topp av karbonutslepp i 2030, for så å bli karbonnøytral 30 år seinare. Kina har tidlegare blitt kritisert for å ha opna fleire nye kolkraftverk, skriv nyheitsbyrået AFP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no