Hopp til innhold

Vil ikkje straffe rusavhengige for små dosar

I ein dom mot ein rusavhengig person som hadde fire gram heroin til eige bruk har Høgsterett bestemt at vedkommande ikkje skal få noko straff sjølv om handlinga var ulovleg.

Det betyr at domstolane må endre praksis slik at rusavhengige framover vil sleppe straff når dei blir tatt med mindre enn fem gram heroin, amfetamin eller kokain til eigen bruk.

" Dette innebærer at det ikke utmåles noen straff, selv om handlingen er ulovlig", skriver Høgsterett i ei pressemelding.

Høgsterett behandla og to andre saker med rusavhengige personar som hadde meir enn fem gram amfetamin eller heroin på seg. Ein person som hadde noko under 7 gram heroin på seg fekk betinga fengsel i 24 dagar. Ein person som hadde 24 gram amfetamin fekk samfunnstraff i 60 timar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no