Hopp til innhold

Vil ha ny debatt om Afghanistan

Den nederlandske uttrekkinga frå Afghanistan bør føre til meir debatt i Noreg, meiner ungdomsorganisasjonene til regjeringspartia.

Nederland varsla tysdag at dei vil trekkje tilbake sine styrkar i Afghani­stan. Samtidig er fleire andre land i tvil om vidare innsats.

- No må også debatten i Noreg vakne, meiner eit samla leiarkorps i Auf, Senterungdommen og Sosialistisk ungdom.

Nederland held seg til planen om å trekkje styrkane tilbake i august. Dei takkar nei til ønsket frå NATO om at dei skulle forlenge oppdraget.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no