Hopp til innhold

Vil ha forlenga avtale

– Vi er sjølvsagt meir enn opne for å ta opp att forhandlingane.

Det seier forhandlingsleiar Guro Lind i Unio etter at regjeringa tidlegare laurdag rekte ut ei hand til dei streikande statstilsette.

Ho meiner at regjeringa må forlenge avtalen med Unio og Akademikarane som blei inngått for to år sidan.

Leiar av Akademikarane stat, Kari Tønnessen Nordli, seier at dei er opne for nye samtalar.

– Kravet er framleis at vi skal behalde avtalemodellen, seier ho.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no