Hopp til innhold

Venstre ber om kommunal vaktordning for Freya

Oslo kommune må setje opp ein kommunal vaktordning ved alle dei større badeplassane med tanke på Freya. Det meiner politikar Marit Kristine Vea (V) som sit i bystyret i Oslo.

– Eg meiner at Oslo kommune bør omdisponere tilsette frå til dømes Bymiljøetaten, som får i oppdrag å halde folk unna dersom Freya kjem tilbake til Oslo, skriv ho i ein e-post til NRK.

Det ville vore veldig trist om Freya må avlivast berre fordi nokon ikkje er i stand til å la ho vere i fred, meiner ho.

– Freya har besøkt mange land i Europa, og det ville vere ein stor skam om ho må ende sine dagar her i Oslofjorden, seier Vea.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no