Hopp til innhold

Venezuela fordømmer kidnapping

Venezuela fordømte søndag det som blir omtala som kidnapping av åtte av landets soldatar i grenseområdet mot Colombia.

Det har vore samanstøyt i desse grenseområda i dei siste to månadane.

– I kampane blei åtte yrkessoldatar tekne til fange. Den 9. mai fekk vi bevis på at dei var i live, seier forsvarsministeren i Venezuela Vladimir Padrino López i eit TV-sendt fråsegn.

Fleire tusen sivile har flykta til Colombia som følgje av kampane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no