Hopp til innhold

Varslar millionbot til samarbeidande flyttebyrå

Konkurransetilsynet har i dag varsla gebyr til to norske flyttebyrå for ulovleg samarbeid. Dei varsla straffegebyra er på 4 070 000 kroner og 840 000 kroner.

«Føretaka har hatt omfattande kontakt om konkrete framtidige flytteoppdrag. Dei har på ulike måtar informert kvarandre om kundeførespurnader, fordelt oppdrag og samordna pris og andre vilkår før levering av tilbod til kunde.», skriv Konkurransetilsynet i ei pressemelding.

Samarbeidet skal ha skjedd i perioden mai 2019 til september 2021. Gebyra er førebels berre varsla, og det er ikkje fatta endeleg vedtak i saka, legg tilsynet til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no