Mann på firhjuling omkom i Hallingdal
Ein mann i 20-åra omkom etter ei alvorleg UTV-ulykke i Ål kommune i Hallingdal. Kjærasten til mannen var passasjer på firhjulingen, men vart ikkje skadd.
Dei pårørande er varsla, skriv politiet på Twitter. Kommunens kriseteam er varsla og hjelper familien. Vegvesenet si ulykkesgruppe har rykt ut til ulukkesstaden.