Utset avgjerd om AstraZeneca
EU sitt legemiddelbyrå EMA utset avgjerda om Vaxzevria frå AstraZeneca. Det melder Aftenposten. I utgangspunktet skulle EMA kome med ei melding som skulle klargjere kor mange som har fått den sjeldne kombinasjonen av blodpropp og låge blodplater, og kor mange som har døydd. Den endelege bodskapen skulle vere med på å avgjere kva ulike land skulle gjere med vaksinen, skriv avisa. No utset dei å kome med ei ny anbefaling til etter eit møte dei skal ha frå 6.-9. april.