Hopp til innhold

Utenlandsk dronepilot ved Ishavskatedralen politimeld

Ein utanlandsk dronepilot i 20-åra er politimeld for å ha flyge drona si ved Ishavskatedralen i Tromsø. Det var ein politimann som på fritida observerte drona ved katedralen. Ein patrulje blei sendt til staden og fann dronepiloten. Drona blei beslaglagt, og vedkommande er politimeld for forholdet, skriv Troms politidistrikt på Twitter. NRK har vore i kontakt med politiet, som seier at det skal vera snakk om ein turist.

Ishavskatedralen ligg under fem kilometer frå Tromsø lufthavn, noko som gjer det ulovleg å fly med droner i området med mindre anna er avtalt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no