Hopp til innhold

USAs utanriksminister vil oppretta trygge soner på Gaza

USAs utanriksminister Anthony Blinken er på besøk i Tel Aviv i Israel, der han har møtt Israels statsminister Benjamin Netanyahu. Formålet med besøket er å forlenge våpenkvila mellom Den israelske hæren (IDF) og Hamas.

Torsdag kveld seier Blinken at han har oppfordra Israel til å oppretta såkalla «trygge» soner for sivile på Gaza før Den israelske hæren igjen begynn angrepa mot det Hamas-kontrollerte området.

– Eg gjorde det klart for Netanyahu, at før Israel startar operasjonane sine, må dei sikra beskyttinga av sivile. Israel er i stand til å nøytralisera Hamas og samtidig avgrensa skaden på uskyldige sivile, sa Blinken.

– Israel må få på plass ein plan for humanitært sivilt vern, som avgrensar talet på uskyldige palestinske ofre til eit minimum, sa Blinken til reporterar i Tel Aviv.

Han presiserte at dette betyr at Israel må definera, tydeleg og presist, i kva område på sørlege og sentrale Gaza dei sivile kan vera trygge og utanfor angrepa si rekkevidd, skriv nyheitsbyrået AFP.

Blinken sa den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu var einige i at det er naudsynt å beskytta dei sivile.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no