Hopp til innhold

Ukraina får avansert rakettsystem

Ukraina har fått første sending av det sofistikerte rakettutskytingssystemet M270.

– Det første MLRS M270 har komme, sa Ukrainas forsvarsminister Oleksej Reznikov fredag og la til at systemet blir eit godt tillegg til HIMARS-systemet som Ukraina allereie har fått og sett inn i krigen mot Russland.

Reznikov sa ikkje kva land som har sendt M270-systemet til Ukraina, men det er eit godt bidrag til det veksande arsenalet av vestlege våpen Ukraina får, og som Ukraina trur kan endre kursen til krigen.

M270 er ein mobil amerikanskprodusert fleirrøyrs rakettkastar. Storbritannia kunngjorde i byrjinga av juni at dei ville forsyne Ukraina med slikt artilleri. (AFP/NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no