Hopp til innhold

Tyskland: 15-åring mistenkt for terrorplanlegging

Ein 15-åring er arrestert mistenkt for å ha planlagt eit terrorangrep i Düsseldorf i Tyskland. Det opplyser påtalemakta, ifølge Reuters.

Dei seier ikkje noko om kva planane gjekk ut på.

Den tyske kringkastaren ARD melde onsdag om ein ung mann som hadde erklært heilag krig mot Vesten på Telegram, og annonserte eit terrorangrep mot Tyskland på fredag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no