Hopp til innhold

Truss frys britane sin energirekning i to år

I Storbritannia har den nye statsministeren Liz Truss i dag lagt fram sin plan for korleis staten skal hjelpa hushaldningar og verksemder med dei dyre straum- og gassrekningane.

For hushaldningar blir det eit tak på 2500 pund i året på energirekningar dei neste to åra. Dette vil spara hushaldningane for kring 1000 pund kvart år, seier Truss.

Ho lova også straumstøtte til verksemder det neste halve året.

På same tid opphevar regjeringa forbodet på såkalla fracking, der olje og gass blir vunne ut frå skiferfelt, sa statsministeren.

I tillegg godkjenner ho opptrapping av oljeleiting.

Opptrapping i oljeleiting skal auke energiforsyninga, ifølgje Truss. Ho varslar også at det vil bli gitt mange nye lisensar for leiting etter olje- og gass i Nordsjøen.

Ho har i tillegg varsla skattelettar, noko ho meiner vil skape fleire arbeidsplassar og tiltrekkje seg investeringar.

Opposisjonen set spørsmålsteikn ved korleis ho skal få råd til både det og den enorme energiplanen.

Prisgarantien, som er forventa å koste fleire titals milliardar, skal finansierast gjennom meir statlege låneopptak.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no