To personar funne døde i Oslo
To personar er funne døde i ei leilegheit i Oslo, skriv VG. Politiet seier til avisa at dei vart varsla av naboar og trur dei to har vore døde i lang tid. Dei seier at dei ikkje har grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt.