Tidlegare politimann dømd til døden i Irak
Ein domstol i Irak har dømd ein tidlegare politimann til døden for å ha drepe den irakiske historikaren Hisham al-Hashemi i 2020. Hashemi blei rekna som ein ekspert på sunnimuslimske jihadistar, inkludert IS. Han blei ofte brukt av medium og utanlandske regjeringar som ønskte råd om irakisk innanrikspolitikk og ytterleggåande grupper i Irak.