Hopp til innhold

Tidlegare afghansk minister evakuert

Nargis Nehan, tidlegare statsråd i Afghanistan, er blant dei som har blitt evakuert til Noreg.

Det skriv ho på sin eigen Twitter-konto.

– Landa endeleg i Noreg med min familie og lét etter min far og søster. Eg kan ikkje stoppe tårene for mitt folk og mitt land, skriv Nehan.

– Eg er ikkje lenger ein stolt, motstandsdyktig og håpefull afghanar. Eg er igjen ein håplaus og hjelpelaus flyktning, hvis søken etter identitet, heim og fred aldri tar slutt, skriv ho vidare.

Nehan var minister for gruver, olje og industri i Ghanis regjering.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide var hos NRKs nyheitsmorgon fredag. På spørsmål på kor mange politikarar dei har evakuert, svarar ho:

– Vi har ikkje dei endelege tala, men har tidleg tatt eit val om at vi ønsker å assistere med evakuering og asyl til menneske som er særleg utsett. Det gjeld sivilsamfunnsrepresentantar, menneskerettsforkjemparar, kvinnerettsaktivistar, journalistar, for vi ser jo at dei har vore og er i ein særleg utsett situasjon, seier Søreide.

– Det er bakgrunnen for dei vala som er tatt, og det er henta mange til Noreg med familiar fordi dei treng vern, legg ho til.

Nargis Nehan

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no