Hopp til innhold

Sverige i resesjon

Svensk økonomi har krympa to kvartal på rad, og landet kan dermed vera inne i det ein kallar økonomisk tilbakegang eller ein resesjon.

Tal frå det svenske statistikkbyrået syner at bruttonasjonalproduktet, BNP, fell med 0,3 prosent i tredje kvartal. Også i det førre kvartalet var det fallande BNP i Sverige.

Éin av forklaringane på nedgangen er lågare forbruk i hushaldningane.

Sjeføkonom Jens Magnusson i banken SEB peiker på at sysselsettinga i Sverige framleis er høg, skriv NTB. Han understrekar at svakheita i den svenske økonomien ikkje bør overdrivast.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no