Hopp til innhold

SV vil stemma for ekstrabevilgning til NSM

SV kjem til å stemma for regjeringsforslaget om ekstraløyving til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) for å betala tilbake eit grunnlovsstridig lån.

Det stadfestar SVs fungerande kommunikasjonssjef Martin Grüner Larsen til NTB. Dermed har regjeringa fleirtal for forslaget.

Regjeringa har fremja ein proposisjon for Stortinget der ein løyver 200 millionar kroner ekstra til NSM slik at dei skal kunna betala tilbake eit lån til Norwegian Property. Lånet strir nemleg mot ei rekkje lover og reglar, mellom anna Grunnlova. Fredag gjekk NSM-direktør Sofie Nystrøm av som følgje av saka.

Trass at dei stemmer for ekstraløyvinga, er heller ikkje SV spesielt fornøgde med situasjonen.

– At me i det heile står i ein situasjon der ein statleg etat har brote Grunnlova, er utruleg. Det reiser ei rekkje spørsmål, som korleis i det heile dette er mogleg, seier justispolitisk talsperson Andreas Sjalg Unneland til NTB.

SV og fleire andre parti har invitert justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) til Stortinget for ei forklaring om saka, noko Mehl har vore positiv til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no