Hopp til innhold

SV meiner NSM-saka er hårreisande

Saka der NSM har teke opp eit lån på 200 millionar kroner er hårreisande, meiner SVs justispolitiske talsperson Andreas Sjalg Unneland.

– Denne saka er hårreisande, og eg trur ikkje eg har vore borti liknande. Det er grunnleggande at det er Stortinget som skal løyve pengar. Her har ein etat gått inn ein avtale som er i strid med det, og som er i strid med Grunnlova.

Han seier SV ønsker at justisminister Emilie Enger Mehl kjem i Stortinget for å gjere greie for saka. Først då vil dei konkludere om dei har tillit til ministeren.

– Vi ønsker meir informasjon for å få eit fullstendig overblikk. No kjem det mykje informasjon stykkevis og delt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no