Hopp til innhold
BKK sitt utandørsanlegg på Kokstad
Foto: Sissel Rikheim / NRK

Straumbrot i Bergen

Oppsummert

Fleire bydelar i Bergen er ramma av straumbrot etter eksplosjon i ein trafostasjon.

  • Straumen kjem gradvis tilbake

    Klokka 21.30 opplyser BKK at 1051 husstandar framleis manglar straum i Åsane. Talet går gradvis ned i takt med at BKK koplar om straumabonnentane frå transformatorstasjonen der feilen ligg.

  • Koplar område gradvis tilbake

    Mannskap frå BKK har funne ein feil på ein kabel i Midtbygda transformatorstasjon. Område i Åsane blir gradvis kopla om slik at dei får straum. Øystein Økland i BKK seier dei er obs på sprengkulda. – Me jobbar på spreng.

  • Åsane senter er mørklagd

    Det er uklart når straumen kjem tilbake i Åsane. Blant anna er Åsane storsenter mørklagd. – Me har funne ein feil på ein transformatorstasjon. Folk er på veg for å finna ut kva som er årsaka og eventuelt forsøka å kopla om, seier Øystein Økland i BKK.

    Strømbrudd Åsane senter
    Foto: Gina Vik Helgheim
  • Alle har fått igjen straumen

    Alle husstandane har no fått tilbake straumen i Bergen, etter eksplosjon i ein trafostasjon i føremiddag. På det meste var over 20.000 husstandar utan straum.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no