Hopp til innhold

Storebrand har selt seg ut av IBM

Storebrand har selt seg heilt ut av den amerikanske teknologigiganten IBM Corp.

Årsaka er selskapet si involvering i okkuperte palestinske område, seier kommunikasjonsdirektør i Storebrand, Stig-Øyvind Blystad.

– Me monitorerer selskap me er investert i kontinuerleg. Om eit selskap er i brot med våre retningslinjer, og me opplev at dialog ikkje er mogleg, eller at brota på våre retningslinjer er for alvorlege, blir med nøydd til å selja oss ut, skriv han i ein e-post til NRK.

Til fagbladet FriFagbevegelse, som først omtala saka, seier Blystad at dei har forsøkt å diskutera saka med IBM Corp, utan hell.

Han forklarer også at IMB opererer databasen som Israel brukar for oversikt over befolkinga, grensekontroll og innvandring.

– Me vurderer at databasen bidreg til diskriminering og segregering av palestinarar, seier han til bladet.

Storebrand har også selt seg ut av det spanske selskapet CAF, av same grunn.

Storebrand er Noregs nest største kapitalforvaltar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no