Hopp til innhold

Statsbudsjettet: Gratis barnehage i nord

Regjeringa foreslår å gjere barnehage heilt gratis for alle som bur i Finnmark og Nord-Troms. Det kjem fram i forslaget til statsbudsjett som blir lagt fram i morgon.

Det får NRK stadfesta av fleire kjelder.

Gratis barnehage vil gjelde for alle i det som blir kalla tiltakssona i Troms og Finnmark. Den omfattar alle kommunane i Finnmark samt sju kommunar i Nord-Troms; Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy, Lyngen og Storfjord.

Målet med tiltakssona er å skape ein meir attraktiv region å bu, arbeide og drive næringsverksemd i. Dei har blant anna fritak for arbeidsgjevaravgift, mindre personskatt og fritak for el-avgift i tiltakssona.

Statsminister Jonas Gahr Støre og regjeringa har tidlegare uttrykt stor uro for stor fråflytting frå områda som grensar til Russland, og meiner det er viktig å oppretthalde busettinga der.

– Det er viktig ikkje berre for folk som ønskjer å bu her, men også for Noreg sin posisjon i nord. Det å ha folk opp mot Arktis og grensa til Russland er viktig for tryggleiken vår, sa Støre i mai.

Regjeringa vil også hjelpe dei som bur i området med studielånet deira.

I dag får folk i Finnmark og Nord-Troms skrive ned studielånet med inntil ti prosent av lånegrunnlaget, avgrensa til 25 000 kroner i året.

Denne ordninga blir, etter det NRK erfarer, endra slik at studielånet kan skrivast ned enda raskare.

Jonas Gahr Støre og ordfører i Sør-Varanger Lena Norum Bergeng

Krever svalbardskatt og gratis barnehage for å redde Finnmark

Statsministeren mener det er viktig at det er folk ved grenseområdene til Russland. Men med mindre regjeringen setter inn kraftige tiltak vil folket forsvinne, mener ordfører i Sør-Varanger.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no