Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv, som vurderer om norske selskap følger OECD sine retningslinjer for ansvarleg næringsliv, meiner Aker BP ikkje gjorde gode nok vurderingar før dei fusjonerte med svenske Lundin i 2021. Det skriv dei i ei slutterklæring som vart publisert i dag, etter fleire år med undersøkingar.
Lundin Energy var på dette tidspunktet skulda for å ha lagt til rette for at den sudanske hær kunne utføre krigsbrotsverk mot sivile i eit område der Lundin leita etter olje – i det som i dag er Sør-Sudan.
I 2021 kjøpte Aker BP opp Lundins olje- og gassverksemd, noko som blir anslått å vere rundt 98 prosent av Lundin. Sudan-saka vart derimot liggande att i dei siste to prosenta av Lundin, som i ettertid har endra namn til Orrön Energy.
Etter Aker BPs oppkjøp av Lundin vart det teke ut tiltale mot to av Lundins tidlegare sjefar. Dei står no tiltalte i ei omfattande rettssak som held på i Stockholm. Alle partar på tiltalebenken avviser skuldingane som blir retta mot dei. Det er ikkje avsagt nokon dom.
Fleire organisasjonar, deriblant Norsk Folkehjelp, klaga inn Aker BP sitt oppkjøp til Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv, fordi dei meiner Aker BP ikkje gjorde gode nok vurderingar av om oppkjøpet av Lundin kunne påverke Orröns evne til å betale eventuell erstatning i etterkant av rettssaka i Sverige.
Organisasjonane var særskild uroa for at Aker BPs oppkjøp vart gjort på ein måte som svekka Orrön Energy sin evne til å betale for nye erstatningskrav som kan kome i kjølvatnet av ein eventuelt rettskraftig dom mot selskapet.
Organisasjonane som klaga inn Aker BP får no medhald av Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv, og Aker BP blir oppmoda til å gjere ei ny aktsomhetsvurdering. Aker BP vert også oppmoda til å gå i dialog med naudsynte partar for å sjå på moglege grep for å sikre at sivile i Sør-Sudan får utbetalt ei eventuell oppreising i framtida.