Hopp til innhold

Solberg reagerer på at skulane i Ålesund ikkje får heise regnbogeflagget

Høgre-leiar Erna Solberg seier ho blir lei seg når ho høyrer om saka der skulane i Ålesund ikkje får heise pride-flagget.

– For meg handlar pride om at alle skal kunne elske den dei vil, og at folk skal kjenne seg trygge uansett kven dei er og kven dei er glade i, skriv ho i ein e-post til NRK.

Det er kommunedirektøren i Ålesund som har bestemt at skulane ikkje får heise regnbogeflagget.

Solberg meiner avgjerda er feil.

– Eit fåtal har klart å skape eit inntrykk av at ein ved å feire pride må ha eit bestemt sett politiske meiningar. Det er veldig synd, og det er heilt feil. Ingen «eig» prideflagget.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no