SMK kan ha brote lova
Statsministerens kontor og Stortinget kan ha brote lova i Ropstad-saka, seier jussprofessor Arvid Aage Skaar til VG.
– Med mindre Skatteetaten har feilinformert SMK, skulle SMK ha trekt skatt for Ropstad på fordelen av fri bustad i 2020. I så fall har Statsministerens kontor brote skattebetalingslova. Manglande innbetaling av arbeidsgjevaravgift er også eit lovbrot, seier han.
SMK opplyser overfor VG hat dei er i gang med etterbetaling av arbeidsgjevaravgift. Stortinget går gjennom sine saker, og risikerer også å ende opp med ei stor rekning frå kemneren.