Hopp til innhold

Sette ned fakturagebyr etter varsel

Etter at Forbrukartilsynet varsla vedtak mot Convene, Telenor og Telia, har alle tre sett ned eller fjerna fakturagebyra dei krev frå forbrukarar, skriv Forbrukartilsynet.

Telia har sett ned gebyra for Telias tre merkevarer frå 79,- og 59,- til kr 6,47 for merkevara «Telia» og til kr 5 for merkevara «Mycall». For merkevara «One Call» er papirfakturagebyret fjerna heilt.

Telenor reduserte frå 1. februar prisen på papirfakturagebyr frå kr 79 til kr 6,50.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no