Hopp til innhold

Senator Graham hardt ut mot oljefondet si avgjerd

Senator Lindsey Graham går hardt ut mot oljefondet si avgjerd om å selje seg ut av det amerikanske Caterpillar. Oljefondet selde seg ut ettersom selskapet samarbeider med den israelske hæren.

– Til Noreg sitt oljefond – som er det største i verda: dykkar avgjerd om å straffe Caterpillar fordi Israel brukar produkta deira, er svært støytande, skriv senatoren på X.

Oljefondet eigde aksjar for 24,4 milliardar i kroner i selskapet. Det utgjer ein eigardel på 1,23 prosent.

Lindsey Graham i dress og slips

USA-senator truar oljefondet: – Det vil få konsekvensar

At oljefondet har trekt seg ut av amerikanske Caterpillar fell ikkje i god jord hos den republikanske senatoren Lindsey Graham.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no