Hopp til innhold

Semje om ny tunnel under Oslofjorden

Ein nesten samla transportkomite på Stortinget blei tysdag samde om ein ny tunnel til 7,7 milliardar under Oslofjorden, melder NTB.

Det skal byggast eit nytt tunnelløp som skal gå parallelt med den eksisterande Oslofjordtunnelen.

Berre Frp er mot løysinga om at prosjektet skal bli delfinansiert med bompengar fram til 2042.

– Vi er ikkje imot utbygginga av tunnelen under Oslofjorden, men vi i Frp er mot bompengar. Vi vil ha full statleg finansiering av denne utbygginga, seier komitemedlem Frank Sve (Frp) til nyheitsbyrået.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no