Hopp til innhold

Samanstøyt i hovudstaden i Kongo

Tre personar skal ha blitt drepne i ein samanstøyt mellom væpna menn i uniform og vaktene til tidlegare visestatsminister Vital Kamerhe i hovudstaden i Kongo, Kinshasa, melder nyheitsbyrået AP.

Det er ikkje kjent kva som var grunnen til samanstøyten, men den kongolesiske hæren hevdar dei har avverja eit kuppforsøk, melder Reuters.

Kamerhe er representant i nasjonalforsamlinga i Kongo, og er ein kandidat til posten som leiar i forsamlinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no