Hopp til innhold

Russland kan forby kjønnsstadfestande kirurgi

I Russland er det lagt fram eit lovforslag om forbod mot kjønnsstadfestande kirurgi, ifølgje det statlege nyheitsbyrået Tass.

I samsvar med forslaget vil det bli forbode for helsearbeidarar «å utføre medisinske inngrep som har som føremål å endre ein persons kjønn», skriv Tass.

Det skal bli gjort unntak for kirurgisk behandling av misdanningar i kjønnsorgana hos barn. Det er ikkje klart kva som blir omfatta av unntaket, men inngrep etter denne forskrifta må godkjennast av ein medisinsk kommisjon ved ein føderal helseinstitusjon.

Under president Vladimir Putins styre har russiske parlamentarikarar i aukande grad gått imot og slått ned på det dei omtaler som «ikkje-tradisjonell» livsstil dei hevdar blir fremja av Vesten. I fjor vedtok nasjonalforsamlinga ei lov som kritikarar seier i praksis forbyr representasjon av lhbt-personar i media og i offentlegheita.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no