Russland ansvarleg for forgifting

Russland er ansvarlege for å ha drepe den russiske eks-spionen og regimekritikaren Alexandr Litvinenko. Det slår den europeiske menneskerettsdomstolen fast.

Litvinenko døde av forgifting etter å ha fått i seg det radioaktive stoffet polonium i 2006 då han drakk ein kopp te.

Domstolen seier det var Andrei Lugovoi og Dmitri Kovtun, to russiske statsborgarar med fortid i KGB, som stod bak sjølve forgiftinga. Ein britisk rapport konkluderte i 2016 med at president Putin godkjente drapet.

Litvinenko var tidlegare oberstløytnant i den russiske sikkerheitstenesta FSB, før han rømte med familien til Storbritannia i 2000. Kreml seier domstolen ikkje «er i posisjon til å ha informasjon om denne saka», og at skuldingane mot Lugovoi og Kovtun er grunnlause.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no