Hopp til innhold

Røykutvikling i leilegheitskompleks i Haugesund – under kontroll

Innsatsleiar melder om kontroll på staden etter meldingar om røykutvikling i eit leilegheitskompleks i Strandgata i Haugesund. Evakuering pågår, skeriv politiet på X.

Det skal vera snakk om eit leilegheitskompleks med butikkar i fyrste etasje og bustadar i dei øvre etasjane, opplyser vaktleiar Svein Nesse ved Rogaland brann og redning.

– Me har fått melding om kraftig røykutvikling, men det skal ikkje vera opne flammar.

Brannvesenet er for augeblikket på staden og prøver å lokalisera kor røyken kjem frå.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no