Hopp til innhold

Riksrevisjonen skal sjå på revisjonen av NSM på nytt

Då Riksrevisjonen reviderte årsrekneskapen til Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) for 2022, fann dei ikkje noko gale. Sjølv om NSM det året hadde teke opp eit privat lån på 100 millionar kroner.

I eit utsegn skreiv Riksrevisjonen at dei ikkje hadde funne forhold som tilsa at verksemda hadde disponert midla sine i strid med administrative reglar med betydning for økonomistyring i staten.

Til NRK seier Riksrevisoren sin kommunikasjonssjef Siri Bentserud Wingerei at dei no skal sjå på revisjonen på nytt.

– Det grunnleggjande spørsmålet her er kva som står i rekneskapane til NSM, seier Wingerei.

– Så fort me fekk kjennskap til denne saka i går sette me oss ned for å gå gjennom den revisjonen som er gjort av NSM.

Riksrevisjonen er no i dialog med Justisdepartementet for å få oversikt over alle fakta i saka, fortel Wingerei.

Ho seier vidare at Riksrevisjonen tek sikte på å koma med ein ytterlegare kommentar når kvalitetssikringa er ferdig, til veka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no