Regjeringen gjenopptar behandlinga av strømkabelen mellom Norge og Storbritannia
Olje- og energidepartementet gjennopptar konsesjonsbehandlinga av søknaden om å etablera utanlandsforbinding NorthConnect mellom Noreg og Storbritannia, skriv departementet i ei pressemelding.
Våren 2020 blei behandlinga sett på vent, då departementet meinte dei hadde eit for svakt grunnlag til å fatta eit vedtak.
– Eg har kome til at det nå føreligg eit tilstrekkeleg grunnlag til at saka kan behandlast, seier olje- og energiminister Terje Aasland i pressemeldinga.
– Alle konsensjonsøknader som ligg i departementet skal sjølvsagt bli behandla på ein ordentleg måte. Det går me i gang med nå, fortsett han.
Vidare opplyser departementet at dei tar sikte på ei rask avgjerd.