Hopp til innhold

Regjeringa vurderer å senda våpen til Ukraina

Statssekretær i Utanriksdepartementet Eivind Vad Petersson (Ap) seier i Politisk kvarter at dei vurderer å senda våpen til Ukraina.

– Der er definitivt til vurdering. Det var nye møte i går ettermiddag og kveld. Vi skal ha nye møte i dag. Om vi skal gjera dette, må vi gjera det grundig og skikkeleg. Vi skal handla raskt, men ikkje forhasta oss, seier han.

Søndag bestemte regjeringa å senda militært utstyr. På spørsmålet om kva som skal til for at Noreg sender meir enn hjelpar og vestar svarar statssekretæren at det er ei grundig vurdering dei må gjera dei neste timane og dagane.

– Vi må forsikra oss at vi har brei støtte, legg han til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no