Hopp til innhold

Regjeringa varsler eit stramt og rettferdig budsjett

Onsdag starter budsjettkonferansen, der regjeringa skal diskutera neste års statsbudsjett.

– Me skal gå inn ganske snart og sitta lenge, sa statsminister Jonas Gahr Støre før møtet starta.

Han fortalde at krigen i Ukraina har ført med seg både store flyktningsstraumer, og har påverka energimarknaden som har ført til auka straumpriser. I tillegg påverkar det korleis regjeringa vil vurdera organiseringa av forsvaret.

– Me har to mål. Det er overskritfta trygg, økonomisk styring. Det kjem til å bli det me kaller eit stramt og rettferdig budsjett, sa Støre.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sa i går at løysninga på ei strammare tid ikkje kan vera å bruka fleire oljepenger. Sjølv om arbeidsledigheita er låg i Noreg i dag, er det sårbart, sa Vedum.

– Viss me då har ein høg prisvekst over tid, så kan mange av desse arbeidsplassane koma under fare.

Vedum seier at regjeringa skal ta dei grepa som skal til for at forskjellane mellom folk ikkje skal auka.

Statsministeren og finansministeren før budsjettkonferansen
Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no