Hopp til innhold

Redningsaksjonen i Isdalen – kvinne henta av redningshelikopter

Eit redningshelikopter har frakta ut kvinna som falt i Isdalen, melder HRS Sør-Noreg på X.

Ein redningsmann og lege vart heist ned frå helikopteret. Ho er kald og hadde smerter, og er no frakta til Haukeland sjukehus.

Naudetaten hadde problem med å koma seg til der kor kvinna låg, på grunn av at det var så bratt. Kvinna kunne heller ikkje koma seg ut på eiga hand.

Det tok to timar frå kvinna meldte frå til ho vart henta ut av terrenget.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no