Hopp til innhold

Redningsaksjon i Bergen

Brannvesenet rykkjer ut på ein redningsaksjon i Isdalen i Bergen, melder brannvesenet på X.

Redningshelikopter er på staden. Ei kvinne ligg i ulendt terreng, og kan ikkje kome seg ut av området på eiga hand. Det er også så bratt og ulendt at heller ikkje redningsmannskap kjem seg til.

Store ressursar er på staden, både Norske redningshundar, Norsk Folkehjelp og Røde Kors er i sving, melder politiet.

Skadeomfanget er ikkje kjent, men 110 Vest har vore i kontakt med personen som sjølv varsla naudetatane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no