Hopp til innhold

Raudt vil forby anonym finansiert marknadsføring

Det blei i år forbod mot å gi anonyme pengegåver til partia. No vil Raudt utvide forbodet til å gjelde anonym finansiert marknadsføring av partia, melder NTB.

– Vi manglar eit regelverk mot anonym finansiering av valpåverknad i postkassar og sosiale medium, skriv partileiar i Raudt Marie Sneve Martinussen i ein e-post til Bergens Tidende.

Under valkampen var det fleire annonsekampanjar som vakte oppsikt ettersom det var uklart kven som stod bak.

en kvinne som bruker briller
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no