Hopp til innhold

Politiet vil fengsla Matapour etter masseskytinga i Oslo i fire nye veker

Politiet vil fengsla den sikta etter masseskytinga i Oslo natt til 25. juni i fire nye veker frå måndag 22. august.

Dei rettpsykriatiske sakkyndige har denne veka varsla at dei framleis ønsker ein tvungen observasjon av sikta Zaniar Matapour, sidan samarbeidet med han i fengselet ikkje har gitt tilstrekkeleg grunnlag for ein vurdering av hans tilreknelegheit, opplyser politiet i ei pressemelding.

Fengslingspørsmålet vil bli behandla skriftleg etter samtykke med den sikta.

– Yttelegare 49 personar har denne veka fått endra status frå vitne til fornærma. Det samla talet på fornærma er nå oppe i 220 personar, inkludert dei to avdøde. Analysane av sjølve skytinga er framleis ikkje ferdigstilt. Politiet vil derfor ikkje koma med yttelegare detaljer om skytinga per nå, seier politiadvokat Børge Enoksen.

Politiet vurderar også om dei skal utsetta fristen for sletting av videoovervåking i Oslo sentrum, som nå er satt til torsdag 26. august. Dette vil dei koma tilbake til neste veke.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no