Politiet rykte ut til insekt

Ein bebuar i Industrigata i Oslo ringde til politiet om det dei meinte var ein reptil som skjulte seg bak ein TV. Berre halen var synleg.

– Oppdraget gjekk til nokon av våre tøffaste frå beredskapstroppen. Det viste seg at det var ein augestikkar, skriv politiet på Twitter.

– Politikvardagen er full av variasjon, og små og store hendingar, legg dei til.

Operasjonsleiar Tor Guldbrandsen seier til NTB at oppdraget løyste seg greitt og at beredskapstroppen valte å ikkje væpne seg til akkurat dette oppdraget.

– Beredskapstroppen fekk augestikkaren ut av leilegheita og følte seg ikkje trua av den, seier han.

Laster Twitter-innhold

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no