Hopp til innhold

Polen nektar å stenge gruve

Polen seier dei ikkje vil følge pålegget frå EU-domstolen om å stenge ei kolgruve. Dei meiner det vil rokke ved energiforsyninga til landet. EU-domstolen kom med eit mellombels påbod etter ein klage frå Tsjekkia, som seier gruva har tappa grunnvatnet på tsjekkisk side av grensa. Saka er ikkje ferdig behandla i domstolen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no