Person redda seg frå skred
Ein person vart teken av eit snøskred i Tamokdalen i Troms, melder Troms politidistrikt, men personen klarte å halde seg oppå skredet. Skredet var 300 meter i breidda og politiet seier dei ikkje trur nokon andre vart teken av det.