Par dømt for menneskehandel
Ein 37 år gamal mann og ei 25 år gamal kvinne er i Bergen tingrett dømt til fire og tre års fengsel for å mellom anna ha medverka til menneskehandel. Dei to er også dømde til å betale ei 27 år gamal kvinne frå Nigeria 200.000 kroner i oppreising.