Hopp til innhold

Pakkerekord under Black Week

I løpet av den siste halvanna veka har Posten handtert over fem millionar pakker. Det er ein auke på 11,4 prosent frå same periode i fjor.

– Dette er eit teikn på at ein stor del av julehandelen er flytta til november og nettbutikkane, seier konserndirektør Hans-Øyvind Ryen i Posten Norge.

Før jol har Posten henta inn 800 ekstra medarbeidarar for å handtere høgtidstrykket.

Fristen for å sende pakker som skal vere framme innan jolaftan er 16. desember, skriv selskapet i ei pressemelding.

Pakkesentralen til posten på Alnabru
Foto: Jil Yngland / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no